Ny sakshandsamar?
Her finn du informasjon om korleis du går fram for å registrere deg som sakshandsamar i systemet.
Som ny sakshandsamar må du søkje om rolla som sakshandsamar, før du kan ta systemet i bruk. Huk av for at du er sakshandsamar og send inn rollesøknad. Statsforvaltarens fellestenester (STAF) må godkjenne deg som sakshandsamar før du kan ta systemet i bruk.
Du må også sende oss brukarnamnet ditt i Contempus, slik at vi kan knyte dette til brukaren din. Send ein e-post til rettshjelp@statsforvalteren.no med informasjon om brukarnamnet ditt, samtidig som du informerer om at du har søkt om rolla som sakshandsamar. Vi vil informere deg så snart godkjenningsprosessen er gjennomført.
Etter at du er godkjent som sakshandsamar trykkjer du på "Logg på skjema". Du blir bedt om å stadfeste brukarkontoen din. Dette gjer du ved hjelp av MinID, BankID eller Buypass. Du treng ikkje å gjere dette meir enn ein gong.
Etter stadfestinga kjem du vidare til eit skjema som må fyllast ut og sendast inn. Hugs å oppgje organisasjonsnummeret til ditt embete og hent info frå Enhetsregisteret. Kontonummeret bør vere fiktivt. Oppgje 11 tilfeldige tal. Du skal kome rett inn i systemet etter at du har sendt inn skjemaet. Dersom det ikkje er tilfellet må du lukke alle vindauge og faner i nettlesaren din før du prøver på nytt.
Etter første innlogging bør du sjekke at opplysingane i "Vis min profil" er korrekte. Du finn sakene dine ved å trykkje på "Sakshandsamar" øvst på sida.
Registrerte sakshandsamarar skal kome rett inn i systemet ved å trykkje på "Logg på skjema". Du treng verken brukarnamn, passord eller Buypasskort.