Momsfritak
Du kan nytte det elektroniske skjemaet til å sende inn sakene dine sjølv om du ikkje skal betale moms. Sakshandsamarane i embeta kan endre fakturaen før dei utbetalar salæret.
Fleire brukarar har kontakta oss fordi dei ikkje må registrere seg i Meirverdiavgiftsregisteret før omsetning og uttak til saman har overstege 50 000 kroner i ein periode på tolv månader.
Dette har vore problematisk fordi systemet legg opp til at brukarane er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret.
Vi har vurdert å opne for at brukarane sjølv kan velje om dei skal betale moms eller ikkje, men har kome til at den beste løysinga vil vere å opne for at sakshandsamarane kan endre fakturane i etterkant av innsending.
Dersom du ikkje skal betale moms, gir du beskjed om dette i fritekstfeltet der du skriv grunngjevinga for saka. Sakshandsamaren vil då endre fakturaen før utbetaling.